Influensavaksina for i haust er no tilgjengeleg på legekontoret. 

Du kan få sett vaksine i forbindelse med legetime, ringe/sende SMS for å avtale setting utanom legetime, eller komme innom ("drop-in") for setting utan avtale mellom kl 10:00 og kl 14:00 (vi har lunsjpause kl 12:00-12:30).

 

 

Pris: Influensavaksine og setting av vaksine: Kr 250,-

Setting av vaksine som pasienten har betalt for sjølv kr: 125,-

 

Personar i desse gruppene blir særleg tilrådde å ta influensavaksine:

Alle frå fylte 65 år
Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Barn og vaksne med:
Diabetes mellitus, type 1 og 2
Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
Kronisk hjarte- og karsjukdom
Kronisk leversvikt
Kronisk nyresvikt
Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
Nedsett immunforsvar
Alvorleg overvekt (BMI over 40)
Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege