E-konsultasjon er ikkje egna for akutt alvorlig sjukdom. Då må du ringe oss, 116117 (legevakt) eller 113 alt etter hastegrad. Ved avtalt oppmøtetime: møt opp presis (ikkje i god tid), sprit hender på veg inn, ta berør minst mogleg, og sprit hender på veg ut.
Om du har eller ønsker vanlig avtalt legetime for sjukdomsoppfølging har vi bra kapasitet for dette no. Du kan ringe eller sende timeforespørsel for å avtale oppmøtetime eller telefonkonsultasjon. Om du ikkje brukar digitale tenester (e-konsultasjon), så ringer vi deg opp i legetimetida, og tek legetimen over telefon, eller avtalar oppmøte for undersøkelse. Ver obs på at vi lege ofte ringer med skjult/"privat" nummer.
Har du sjukdom eller medisinar som vanligvis vert fulgt opp med regelmessige kontrollar, er det ekstra viktig at desse vert godt fulgt opp. Ta derfor kontakt for oppfølgingstime som vanlig.
Usikker på om du har koronavirus?
Her kan du finne ut om du er anbefalt å teste deg, eller kva du skal gjere:
Oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om Korona: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/
E-konsultasjon startar du via Helsenorge.no. Vi kan utifrå denne vurdere å ringe deg eller avtale oppmøtetime for undersøkelse. E-konsultasjon kostar det same som vanlig konsultasjon, du får sendt mobilbetalingsmelding eller faktura frå faktureringsbyrå i etterkant av timen.
Ved Karantene utan sjukdom som treng å bli vurdert av lege: Høyr først med din arbeidsgiver om du kan nytte utvida egenmelding.
Treng du sjukemelding; send oss ein e-konsultasjon med informasjon om grunn for behov for sykemelding, og datoar du ønsker sykemelding for. Dersom du ikkje har fått sykemelding for samme arbeidsforhold frå oss tidligare, treng vi informasjon om arbeidsgiver og stilling og stillingsprosent.
Til dei som møter opp på kontoret: sprit hender på veg inn, berør minst mogleg, stå 1 meter frå ekspedisjonsluka, og sprit hendene på veg ut.