Vi er her for deg som pasient. Det vi har utdanna oss til, får betalt for, og har glede av, er å hjelpe deg til god helse. Hovudoppgåva vår er diagnostikk og behandling av sjukdom. Vi har etter kvart også fått oppgåver som ikkje har direkte med sjukdomshandsaming å gjere, som til dømes sjukmelding, attestering av sjukdom, vurdering av helsemessige krav i ulike høve, til dømes for førerkort og liknande. Vi kommuniserer også med spesialisthelsetenesta, NAV, heimesjukepleie og multiple andre instansar for å hjelpe deg. Også dette kan være viktige oppgåver i oppfølging av di helse. Men ved akutt sjukdom som treng vurdering øyeblikkelig, eller same dag, må vi prioritere dette. Dette kan ofte medføre at vi er forsinka, eller må avkorte eller utsette oppgåver som ikkje er av akutt art. Vi veit at dette kan opplevast urimeleg der og då, men håpar på forståelse for at vi gjer dette til alle våre pasientar sitt beste.  

Vi har mange tilgjengelege legetimar kvar dag, i staden for lange timar, for å kunne sortere og prioritere i mange pasientar sine plager. Det er derfor ikkje sjeldan at ein må ha fleire legetimar ved omfattanda problemstillingar, eller fleire problemstillingar. Dette er vår arbeidsmetode for å kunne gjere gode prioriteringar, og hjelpe flest mogleg. Du kan nytte legetimen din best mogleg ved å først ta opp det som er viktigast for deg å få avklart. 

Kommunikasjonsmåtar til legekontoret

Vi ønsker å ha god tilgjengelighet på telefon, men kapasiteten strekk ikkje alltid til. Spesielt mellom kl 0830 og 0930 er det stor pågang, og det kan bli ventetid på telefonen. Vi ønsker at denne telefontida vert nytta av dei som treng time same dag for vurdering av akutt sjukdom. Du kan unngå lang ventetid ved å ringe seinare på dagen dersom det ikkje gjeld akutt sjukdom, eller bruke alternative kanalar som e-konsultasjon eller e-kontakt. Er det snakk om akutt, alvorleg sjukdom, ring 113. 

Vi har per no også tilbod om e-konsultasjon/videokonsultasjon. Kommunikasjon per e-post er ikkje tilgjengeleg av personvernhensyn. 

Ved kvar blodprøve, resept, sjukemelding, henvisining og attest skal det gjerast ei legevurdering. Derfor skal alt dette takast opp i legetime dersom ikkje anna er spesifikt avtalt med legen. Reseptfornying på fast medisin som fastlegen alt har vurdert kan gjerast ved reseptforespørsel via HelseNorge.no, eller telefon. 

Kva tilbyr vi? 

Det enkle svaret er vanleg legevurdering av plagene dine. Vi ønsker deg velkomen med akkurat dei plagene du har. Vegen vidare derifrå finn vi ut ilag. Dersom du ved timebestilling seier litt om kva du ønsker vurdering av til våre medarbeidarar, kan dei hjelpe deg vidare.