Send til 2097:

3LEGER fødselsdato, ditt navn, grad av hast

(Unngå sensitiv informasjon)

Se eksempel

3LEGER 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon

Kr. 6,- per mottatt melding.

Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.

NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer

Om fastlegekontoret

27. mai 2018

Vi er her for deg som pasient. Det vi har utdanna oss til, får betalt for, og har glede av, er å hjelpe deg til god helse. Hovudoppgåva vår er diagnostikk og behandling av sjukdom. Vi har etter kvart også fått oppgåver som ikkje har direkte med sjukdomshandsaming å gjere, som til dømes sjukmelding, attestering av sjukdom, vurdering av helsemessige krav i ulike høve, til dømes for førerkort og liknande. Vi kommuniserer også med spesialisthelsetenesta, NAV, heimesjukepleie og multiple andre instansar for å hjelpe deg. Også dette kan være viktige oppgåver i oppfølging av di helse. Men ved akutt sjukdom som treng vurdering øyeblikkelig, eller same dag, må vi prioritere dette. Dette kan ofte medføre at vi er forsinka, eller må avkorte eller utsette oppgåver som ikkje er av akutt art. Vi veit at dette kan opplevast urimeleg der og då, men håpar på forståelse for at vi gjer dette til alle våre pasientar sitt beste.  

Vi har mange tilgjengelege legetimar kvar dag, i staden for lange timar, for å kunne sortere og prioritere i mange pasientar sine plager. Det er derfor ikkje sjeldan at ein må ha fleire legetimar ved omfattanda problemstillingar, eller fleire problemstillingar. Dette er vår arbeidsmetode for å kunne gjere gode prioriteringar, og hjelpe flest mogleg. Du kan nytte legetimen din best mogleg ved å først ta opp det som er viktigast for deg å få avklart. 

Kommunikasjonsmåtar til legekontoret

Vi ønsker å ha god tilgjengelighet på telefon, men kapasiteten strekk ikkje alltid til. Spesielt mellom kl 0830 og 0930 er det stor pågang, og det kan bli ventetid på telefonen. Vi ønsker at denne telefontida vert nytta av dei som treng time same dag for vurdering av akutt sjukdom. Du kan unngå lang ventetid ved å ringe seinare på dagen dersom det ikkje gjeld akutt sjukdom, eller bruke alternative kanalar som SMS/helserespons. Er det snakk om akutt, alvorleg sjukdom, ring 113. 

Vi har per no ikkje tilbod om e-konsultasjon/videokonsultasjon då vi vurderar det tryggast og mest effektivt med konsultasjon ansikt til ansikt. Kommunikasjon per e-post er ikkje tilgjengeleg av personvernhensyn. 

Ved kvar blodprøve, resept, sjukemelding, henvisining og attest skal det gjerast ei legevurdering. Derfor skal alt dette takast opp i legetime dersom ikkje anna er spesifikt avtalt med legen. Reseptfornying på fast medisin som fastlegen alt har vurdert kan gjerast per SMS/telefonforespørsel. 

Kva tilbyr vi? 

Det enkle svaret er vanleg legevurdering av plagene dine. Vi ønsker deg velkomen med akkurat dei plagene du har. Vegen vidare derifrå finn vi ut ilag. Dersom du ved timebestilling seier litt om kva du ønsker vurdering av til våre helsesekretærar, kan dei hjelpe deg med å vurdere kva hastegrad legevurderinga bør ha. 

Betaling ved kontoret

27. mai 2018

Vi har no betalingsautomat på venterommet hos oss. På denne kan det betalast med bankkort, Visa eller Mastercard, eller det kan trykkast ut ein faktura.

For dei som har eit ønske om å betale med kontantar, kan dette gjerast i ekspedisjonen.

Betalingsautomaten er tilknytta betalingsbyrået Credicare som står for utsending av faktura, betalingspåminningar, og inkassosaker.

Dersom du får ordna noko som krever betaling  (td. attestar, sjukmelding) utan at du møter opp på kontoret, kan du kome å betale på betalingsautomaten same dag som det er ordna, og dersom det ikkje vert betalt før midnatt vil Credicare sende ut ein faktura med eit ekstra faktureringsgebyr til Credicare.

Det skal framgå kva betaling gjeld, og dato, på fakturaen.

 

Influensavaksine for 2017/2018 er komen

4. oktober 2017

Influensavaksina for i haust er no tilgjengeleg på legekontoret. 

Du kan få sett vaksine i forbindelse med legetime, ringe/sende SMS for å avtale setting utanom legetime, eller komme innom ("drop-in") for setting utan avtale mellom kl 10:00 og kl 14:00 (vi har lunsjpause kl 12:00-12:30).

 

 

Pris: Influensavaksine og setting av vaksine: Kr 250,-

Setting av vaksine som pasienten har betalt for sjølv kr: 125,-

 

Personar i desse gruppene blir særleg tilrådde å ta influensavaksine:

Alle frå fylte 65 år
Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)

Barn og vaksne med:
Diabetes mellitus, type 1 og 2
Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
Kronisk hjarte- og karsjukdom
Kronisk leversvikt
Kronisk nyresvikt
Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
Nedsett immunforsvar
Alvorleg overvekt (BMI over 40)
Annan alvorleg eller kronisk sjukdom etter individuell vurdering av lege

 

Sykemeldinger, henvisninger, resepter, attester

23. mai 2011

Både sykemeldinger, henvisninger, resepter og attester fra fastlege innebærer en legevurdering.

For at vi skal ha grunnlag for å gjøre nødvendige vurderinger av dette, er det mest hensiktsmessig å ta det i en legetime.

Unntak er kjent avtalt medisinbruk, der resept kan forespørres via helserespons/sms, eller ved telefonkontakt.

Er du i tvil om du må ha legetime, ta kontakt på telefon.

Oppfordring til bruk av internett/SMS bestilling

27. august 2010

For bestilling av faste resepter, bestilling av time som ikke haster samt enkle spørsmål, oppfordres det til å benytte seg av elektronisk kommunikasjon via HelseNorge.no (PC eller app). Dette vil frigjøre tid på telefonen, slik at det blir lettere for deg å komme igjennom på telefonen en gang det haster mer. Meldinger mottatt sent på dag besvares neste dag.